Når detaljane tel
I Språkverkstaden tek vi grammatikken og stavekontrollen på alvor. Det er det ikkje alle som gjer, ikkje eingong i bransjen vår. Vi set vår ære i å kunne skrivereglane, også dei meir spissfindige. Og er vi usikre på noko, slår vi opp eller spør nokon som veit meir enn oss, til dømes Språkrådet.
Vi vil gjerne slå eit slag for det gode og rette semikolonet, den lange tankestreken, det obligatoriske mellomrommet før prosentteiknet og alle dei andre detaljane i språket vårt som det blir synda mot der ein minst skulle vente det. At du kan slike ting, treng ikkje gjere deg til ein flink omsetjar. Men flinke omsetjarar bør helst meistre også C-momenta i skrivereglane, synest vi. Nokre kallar det pedanteri. Vi kallar det fagomsetjing med fingerspitzgefühl. (Nei, det heiter ikkje fingerspitzengefühl på norsk.) Vi set kvaliteten i høgsetet heile vegen – det trur vi at du kjem til å merke.