Ein profesjonell tekst er feilfri

Alle tekstar har godt av ein språkleg kvalitetskontroll. Skrivefeil og språk som ikkje flyt, er sand i maskineriet for lesarane. Dårleg språk reiser barrierar og tek tankane bort frå innhaldet. Det gir dårleg inntrykk, og som næringsdrivande risikerer du i verste fall å miste kundar. Vi i Språkverkstaden kan gå gjennom teksten din og luke vekk feil og dårlege formuleringar. Vi gjer språket korrekt og forståeleg, slik at bodskapen kjem klart og tydeleg fram.

Er du stort sett nøgd med teksten din, men vil vere heilt sikker på at han ikkje inneheld skrive- eller teiknsetjingsfeil, kan du be om ei korrekturlesing. Vi rettar opp formelle feil og tek oss av finpussen, slik at alt stemmer – også dei små tinga.

Andre gonger er det ikkje nok med ein enkel korrektur; det trengst ein meir omfattande språkvask. I tillegg til å kontrollere rettskrivinga og teiknsetjinga ser vi nærmare på slike ting som syntaks, semantikk og stil, og vi kjem med framlegg til korleis setningar og avsnitt kan skrivast om eller gjerast betre. Resultatet blir ein feilfri tekst med logisk oppbygging og god språkleg flyt. Ein tekst du kan vere stolt av.

Vi er konsulentar for fleire norske forlag og har kvalitetssikra språket i ei rad fag- og skjønnlitterære bøker. Vi kan levere korrekturlesne og vaska manus med merknader og synlege rettingar dersom du ønskjer det, eller du kan få eit fiks ferdig dokument dersom du ikkje har tid eller lyst til å gå gjennom endringane som er gjorde. Språkvask gjer vi helst elektronisk i Word; reine korrekturjobbar kan vi òg ta på papir om du vil.