

|

Fagutdanna omsetjarar med internasjonalt nettverk
Det er Gry Vikesland og Jan Ove Hennøy som driv Språkverkstaden. Vi er utdanna fagomsetjarar frå Høgskolen i Agder og har i tillegg studert tysk og nordisk. Vi er begge medlemmer av Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFF).
Når du tek kontakt med Språkverkstaden, er det alltid ein av oss to du møter. Vi tek oss av alt det administrative og mykje av omsetjings- og språkkonsulentarbeidet. Vi samarbeider elles med eit internasjonalt nettverk av erfarne morsmålsomsetjarar.
Vi har brukt mykje tid på å byggje opp nettverket vårt og veit at medarbeidarane våre leverer den kvaliteten både vi og kundane ventar. Som eit ekstra kvalitetssikringstiltak blir alle omsetjingar korrekturlesne av ein annan person. Alt som blir omsett til norsk, blir lese gjennom internt her i Språkverkstaden før vi sender det frå oss, og når det er vi sjølve som omset, les vi korrektur på kvarandre. Du kan altså føle deg trygg på at alt er både sjekka og dobbeltsjekka når du får ei omsetjing frå oss.
|
|

 









|
|