Bokmål eller nynorsk? Ja takk, begge delar!

Vi har valt å profilere oss på nynorsk. Det er ein kalkulert risiko i den forstand at mange synest å tru at vi då berre jobbar med eller har greie på nynorsk. Det stemmer altså ikkje. Dei fleste som skal ha tekstane sine omsette til norsk, ber om å få dei på bokmål. Vi arbeider derfor aller mest med denne målforma og omset til bokmål når ikkje noko anna er avtalt.

Stadig fleire kundar skal likevel ha tekstar omsette til nynorsk, først og fremst frå bokmål. Vi har lang erfaring med å omsetje komplekse og ofte innfløkte tekstar, ikkje minst for dei mange kundane våre i det offentlege. Nynorskomsetjingar av byråkratiske bokmålstekstar blir gjerne både smidigare og mindre papirknitrande enn originalen – det har vi fått høyre sjølv frå svorne riksmålsfolk.

Vi praktiserer ein nøytral nynorsk og eit ditto bokmål som ligg trygt innanfor læreboknormalen, og som er fullgode for dei fleste. Men har du spesielle ønske om ordval, bøyingsformer og anna som ligg på sida av hovudnormalen eller norma vår, skal du sjølvsagt få det som du vil.