Flinke fagfolk og gode pennar
Språkverkstaden tilbyr ikkje omsetjing mellom alle verdas
språk. Det får andre ta seg av. Vi konsentrerer oss
heller om dei språka vi har studert og har greie på:
norsk, dansk, svensk, engelsk og tysk. Innanfor desse språka
kan vi omsetje det aller meste, frå generelle tekstar via
reiselivs- og reklametekstar til meir spesialisert teknisk, økonomisk,
medisinsk og juridisk stoff. Vi samarbeider med mange flinke folk,
både generalistar og spesialistar, som vi bruker til ulike
oppgåver. Er det til dømes ein kontrakt du skal ha
omsett, kan du vere trygg på at det er ein omsetjar som har
lang erfaring med å omsetje nettopp juridiske tekstar, som
gjer jobben.
Enkelte av medarbeidarane våre har spesialisert seg på
programvarelokalisering eller på å omsetje store mengder
annan standardisert tekst på kort tid – som oftast tekst
som krev teknisk innsikt eller inngåande kjennskap til eit
visst fagområde. Her er korrekt og konsekvent terminologi
vel så viktig som snedig formulerte setningar, og mange av
omsetjarane bruker derfor Trados eller andre CAT-verktøy.
Når det er språkleg fingerspisskjensle som må
til, er det ei anna gruppe omsetjarar som entrar ringen: ordkunstnarane,
stilistane, dei som sørgjer for at marknadsføringsteksten
din blir like slagkraftig i målspråket som i kjeldespråket.
Dei som veg kvart ord heilt til dei finn det rette – som tygg
på kvar setning til dei kan spytte ut den heilt perfekte.
Dyktige fagfolk og gode pennar er altså avgjerande for å
oppnå knirkefri kommunikasjon, men det er eit tredje element
som er minst like viktig: kulturkunnskap. Ei kvalitetsomsetjing
er eit lokalt tilpassa produkt. Kunnskap om historie, samfunnsforhold,
humor og mentalitet står dermed sentralt. Omsetjarane våre
kjenner marknaden og kulturen i heimlandet sitt. Vi leverer derfor
omsetjingar som er frie for interkulturelle misforståingar.
Vi har dei nødvendige ressursane, og vi bruker den rette
omsetjaren til kvar jobb. Dei enkelte omsetjarane passar så
på å halde seg fagleg oppdaterte og rådføre
seg med ekspertar når det er nødvendig. Den viktigaste
eksperten er ofte kunden sjølv, så ikkje nøl
med å komme med instruksar, innspel eller tilbakemeldingar.
Vi involverer deg meir enn gjerne i omsetjingsprosessen, og eit
nært samarbeid mellom omsetjaren og kunden er nokre gonger
faktisk ein føresetnad for å få eit optimalt
resultat.