Rekn med oss, det lønner seg!

Dette er slagordet til rekneskapsføraren vår,
Økonomiservice AS i Lærdal. Vi synest det er så godt at vi låner det litt. Med eigaren si velsigning, sjølvsagt.

Kvalitet kostar, er det noko som heiter. Slik er det hos oss òg. Men det kostar verken det kvite i auget eller noko meir enn det gjer hos andre som tilbyr tilnærma same kvaliteten.

Du kjem sikkert til å finne omsetjarar som er rimelegare enn oss, viss du berre leiter litt. Hugs då at det gjerne er ein samanheng mellom pris og kvalitet, og at det kan lønne seg å tenkje på det siste òg, ikkje berre det første. Den billegaste omsetjinga kan komme til å bli den dyraste i lengda.

Send oss teksten du vil ha omsett, språkvaska eller korrekturlesen, som eit vedlegg til ein e-post, så gir vi deg eit uforpliktande tilbod. For omsetjingsarbeid har vi faste prisar, som alltid inkluderer ekstern korrektur. Språkvask og andre konsulenttenester gjer vi i regelen på timebasis, men fastpris kan avtalast også her.

Leveringstidspunktet blir vi samde om på førehand. Alle oppdrag blir sjølvsagt behandla konfidensielt.