Språkverkstaden

Profesjonell omsetjing, språkvask og korrektur

Treng du profesjonell omsetjing, språkvask eller korrekturlesing? Av fagfolk som set kvaliteten i høgsetet heile vegen? Då er du kommen rett. Nynorsk, bokmål, dansk, svensk, engelsk, tysk, engelsk og tysk, korrektur, omsetjarar, språkkonsulentar, profesjonelle, språkkonsulenttenester, kvalitetsomsetjing, tekstar, oversettelse, oversetting, oversettere, translatører



Bokmål eller nynorsk? Ja takk, begge delar!

IMAG2723-1.jpg

Vi har valt å profilere oss på nynorsk. Det er ein kalkulert risiko i den forstand at mange synest å tru at vi då berre jobbar med eller har greie på nynorsk. Det stemmer altså ikkje. Dei fleste som skal ha tekstane sine omsette frå eit framandspråk til norsk, ber om å få dei på bokmål. Slik er det berre. Vi arbeider altså med begge målformene og omset i regelen til bokmål når ikkje noko anna er avtalt.