Språkverkstaden

Profesjonell omsetjing, språkvask og korrektur

Treng du profesjonell omsetjing, språkvask eller korrekturlesing? Av fagfolk som set kvaliteten i høgsetet heile vegen? Då er du kommen rett. Nynorsk, bokmål, dansk, svensk, engelsk, tysk, engelsk og tysk, korrektur, omsetjarar, språkkonsulentar, profesjonelle, språkkonsulenttenester, kvalitetsomsetjing, tekstar, oversettelse, oversetting, oversettere, translatører



Rekn med oss, det lønner seg!


Dette er slagordet til rekneskapsføraren vår, Økonomiservice AS i Lærdal. Vi synest det er så godt at vi låner det. Med eigaren si velsigning, sjølvsagt.

I Språkverkstaden har vi valt å konkurrere på andre ting enn berre prisen. På kvaliteten til dømes, på kapasiteten, på fleksibiliteten – på det å yte god service til kundane våre.

Du kjem garantert til å finne omsetjarar som er rimelegare enn oss, viss du berre leiter litt. Hugs då at det gjerne er ein samanheng mellom pris og kvalitet, og at du ikkje kan rekne med å få gull om du berre er villig til å betale for gråstein. Den billegaste omsetjinga kan fort bli den dyraste i lengda dersom ho ikkje held mål.

«If you think it's expensive to hire a professional to do the job, wait until you hire an amateur.»
Red Adair

Send oss teksten du vil ha omsett, språkvaska eller korrekturlesen, så får du eit uforpliktande tilbod. For omsetjingsarbeid har vi faste prisar, som alltid inkluderer korrekturlesing av ein annan person. Språkvask og andre konsulenttenester gjer vi i regelen på timebasis, men fastpris kan avtalast også her.

Leveringstidspunktet blir vi einige om på førehand. Alle oppdrag blir behandla konfidensielt.