Språkverkstaden

Profesjonell omsetjing, språkvask og korrektur

Treng du profesjonell omsetjing, språkvask eller korrekturlesing? Av fagfolk som set kvaliteten i høgsetet heile vegen? Då er du kommen rett. Nynorsk, bokmål, dansk, svensk, engelsk, tysk, engelsk og tysk, korrektur, omsetjarar, språkkonsulentar, profesjonelle, språkkonsulenttenester, kvalitetsomsetjing, tekstar, oversettelse, oversetting, oversettere, translatører


Retningslinjer for personvern


Retningslinjer for personvern for brukarar av nettstaden sprakverkstaden.no

Språkverkstaden har som mål å behandle personopplysningar med respekt og varsemd. For å kunne tilpasse informasjon og oppfølging individuelt ber vi om firmanamn og kontaktinformasjon ved førespurnader via nettstaden sprakverkstaden.no. Vi utleverer ikkje denne informasjonen til andre, og du kan alltid be om innsyn i kva informasjon som er lagra på firmaet ditt, eller om at informasjon om deg og firmaet ditt blir sletta.

Cookies

Nettsida vår nyttar cookies (informasjonskapslar), og ved å bruke sprakverkstaden.no samtykkjer du i at vi kan setje cookies i nettlesaren din.

Cookies er ein standard Internett-teknologi som dei aller fleste nettstader bruker. Ein cookie blir plassert i internminnet til nettlesaren din og gjer at vi betre kan forstå korleis du bruker nettstaden. På sikt nyttar vi denne kunnskapen til å tilby deg ei betre oppleving når du besøkjer sprakverkstaden.no. Loggfiler med informasjon om til dømes IP-adresser, nettlesarar, operativsystem og bruk/navigasjon blir lagra på serverane våre.

Dei fleste nyare nettlesarar, som Opera, Internet Explorer, Firefox og Safari, er stilte inn til å akseptere cookies automatisk. Dersom du ikkje ønskjer å akseptere cookies, må du derfor sjølv velje å endre innstillingane i nettlesaren din, slik at cookies ikkje lenger blir aksepterte.

Ver merksam på at denne innstillinga kan føre til at mange nettstader ikkje fungerer optimalt.

Vi lagrar aldri informasjon som kan identifisere deg personleg.

Oversikt over cookies som vi bruker på nettsidene våre

Namn: Google Analytics
Formål: Samlar informasjon om korleis besøkjande bruker nettsida. Vi nyttar denne informasjonen til å lage rapportar og forbetre nettsida. Cookiane samlar berre anonym informasjon, til dømes om kor mange som har besøkt nettsida, kvar dei kjem frå, og kva sider dei besøkjer.

Namn: crumb, JSESSIONID, ss_cid, ss_cvisit, ss_lastvisit, SS_MID, crumb, JSESSIONID og SS_MID
Formål: Cookies for generelle og vanlege formål.

I Språkverkstaden er vi opptekne av å følgje gjeldande regelverk for personvern. Dersom du har spørsmål, er du velkommen til å sende ein e-post til post@sprakverkstaden.no.