Språkverkstaden

Profesjonell omsetjing, språkvask og korrektur

Treng du profesjonell omsetjing, språkvask eller korrekturlesing? Av fagfolk som set kvaliteten i høgsetet heile vegen? Då er du kommen rett. Nynorsk, bokmål, dansk, svensk, engelsk, tysk, engelsk og tysk, korrektur, omsetjarar, språkkonsulentar, profesjonelle, språkkonsulenttenester, kvalitetsomsetjing, tekstar, oversettelse, oversetting, oversettere, translatører

Nye nettsider!

I samarbeid med Gasta design & kommunikasjon i Sogndal har vi fått utvikla nye nettsider. Dei gamle html-sidene våre frå slutten av nittitalet hadde gjort sitt og var overmodne for fornying.

Dei nye sidene er responsive, som vil seie at dei tilpassar seg automatisk til den skjermen eller dingsen dei blir viste på, anten det er ein PC, eit nettbrett eller ein mobil. Dei går med andre ord, som skipet til Askeladden, både til lands og til vanns og i lufta med! Vi er rett nøgde med resultatet, og det håper vi at du òg blir.