Profesjonell omsetjing, språkvask og korrektur

Har du behov for omsetjing, språkvask eller korrektur? Og vil du helst ha hjelp av fagutdanna, kompetente og erfarne omsetjarar og språkkonsulentar som tek både deg og teksten din på alvor, anten det er snakk om ei nettside, ein artikkel, ein akademisk tekst, ein lengre rapport eller ei heil bok?

Då har du komme rett!


Språkverkstaden har levert omsetjings- og språkkonsulenttenester sidan 1997. Vi held til på Bryggen i Bergen og tilbyr profesjonell omsetjing til og frå nynorsk, bokmål, engelsk, tysk, svensk og dansk. I tillegg les vi korrektur på og språkvaskar tekstar av alle slag.


Vi set kvaliteten i høgsetet

– og veit at det ofte er dei små detaljane som gjer den store forskjellen.