Velkommen til nettstaden
vår
Treng du hjelp med å få ein tekst omsett, språkvaska
eller korrekturlesen? Og vil du helst ha hjelp av fagutdanna omsetjarar
og profesjonelle språkkonsulentar som tek både deg og
teksten din på alvor? Som set kvaliteten i høgsetet,
og som er opptekne også av detaljane? Då er du kommen
rett.
Språkverkstaden har levert omsetjings- og språkkonsulenttenester
til offentlege og private verksemder sidan 1997. Vi tilbyr kvalitetsomsetjing
til og frå nynorsk, bokmål, dansk, svensk, engelsk og
tysk. I tillegg les vi korrektur på og språkvaskar tekstar
av alle slag.
Klikk deg vidare i menyen til høgre for å lese meir
om oss og nettverket vårt, korleis vi arbeider, og kva tenestene
våre kostar. På kontaktsida
finn du telefonnummer,
e-postadresser og annan nyttig informasjon.
Vi ser fram til å høyre frå deg.
