Fagomsetjing med fingerspitzgefühl

I Språkverkstaden tek vi grammatikken og rettskrivinga på alvor. Det er det ikkje alle som gjer, ikkje eingong i bransjen vår. Vi set vår ære i å kunne skrivereglane, også dei meir spissfindige. Djevelen ligg nemleg i detaljane. Når dei ikkje er på plass, blir det ikkje godt nok.

Vi vil gjerne slå eit slag for det gode og rett brukte semikolonet, den lange tankestreken, det obligatoriske kommaet etter innskotne setningar og alle dei andre detaljane i språket vårt som det blir synda mot der ein minst skulle vente det. At du kan slike ting, treng ikkje gjere deg til ein flink omsetjar. Men flinke omsetjarar bør helst meistre også C-momenta i skrivereglane, synest vi. Nokre kallar det pedanteri. Vi kallar det fagomsetjing med fingerspitzgefühl. Vi har nase for godt språk, vaskar tekstar på 30, 60 eller 90 grader etter behov, og tilbyr kresne kundar velfriserte omsetjingar der også detaljane stemmer. Vi set kvaliteten i høgsetet heile vegen. Det trur vi at du kjem til å merke.