Fagutdanna omsetjarar med internasjonalt nettverk

Det er Gry Vikesland og Jan Ove Hennøy som driv Språkverkstaden. Vi er utdanna fagomsetjarar og medlemmer av Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO), og vi har begge bestått Språkrådets kompetanseprøve i nynorsk.

Når du tek kontakt med Språkverkstaden, er det alltid ein av oss to du møter. Vi tek oss av alt det administrative og mykje av omsetjings- og språkkonsulentarbeidet. Vi samarbeider elles med eit internasjonalt nettverk av erfarne morsmålsomsetjarar.

Vi har brukt mykje tid på å byggje opp nettverket vårt og veit at medarbeidarane våre leverer den kvaliteten både vi og kundane krev. Som eit ekstra kvalitetssikringstiltak blir alle omsetjingar korrekturlesne av ein annan person. Du kan altså føle deg trygg på at alt er både sjekka og dobbeltsjekka når du får ei omsetjing frå oss.

Språkverkstaden er eit lite byrå, men vi og dei mange eksterne medarbeidarane våre har til saman stor kapasitet, og vi kan tilby høg grad av fleksibilitet til gode kundar. Ta kontakt om du treng språkhjelp av det eine eller andre slaget, så skal vi gjere vårt beste for å overgå forventingane dine.