Rekn med oss, det lønner seg!

Dette var slagordet til rekneskapsføraren vår, Økonomiservice AS i Lærdal, ein gong i tida. Vi syntest det var så godt at vi lånte det. Med eigaren si velsigning, sjølvsagt.

I Språkverkstaden har vi valt å konkurrere på andre ting enn berre prisen. På kvaliteten til dømes, på kapasiteten, på fleksibiliteten – på det å yte god service til kundane våre.

Du kan garantert finne omsetjarar som er rimelegare enn oss, men hugs at det gjerne er ein samanheng mellom pris og kvalitet, og at du ikkje kan rekne med å få gull om du berre er villig til å betale for gråstein. Den billegaste omsetjinga kan fort bli den dyraste i lengda dersom ho ikkje held mål. Eller, for å seie det med den legendariske oljebrønndreparen Paul «Red» Adair:

If you think it's expensive to hire a professional to do the job, wait until you hire an amateur.

Send oss teksten du vil ha omsett, språkvaska eller korrekturlesen, så får du eit uforpliktande tilbod. For omsetjingsarbeid har vi faste prisar, som alltid inkluderer korrekturlesing av ein annan person. Språkvask og andre konsulenttenester gjer vi i regelen på timebasis, men fastpris kan avtalast også her.

Leveringstidspunktet blir vi einige om på førehand. Alle oppdrag blir behandla konfidensielt.