Omsetjing til framandspråk


Språkverkstaden tilbyr omsetjing til og frå norsk, engelsk, tysk, svensk og dansk.

Innanfor desse språka kan vi omsetje det aller meste, frå generelle tekstar via reiselivs- og reklametekstar til meir spesialisert teknisk, økonomisk, medisinsk og juridisk stoff. Vi samarbeider med mange flinke folk, både generalistar og spesialistar, som vi bruker til ulike oppgåver. Er det til dømes ein kontrakt du skal ha omsett, kan du vere trygg på at det er ein omsetjar som har lang erfaring med nettopp slike tekstar, som gjer jobben.

Enkelte av medarbeidarane våre har spesialisert seg på å omsetje store mengder standardisert tekst på kort tid – som oftast tekst som krev teknisk innsikt eller inngåande kjennskap til eit visst fagområde. Her er korrekt og konsekvent terminologi vel så viktig som snedig formulerte setningar.

Slagkraftige tekstar

Når det er språkleg fingerspisskjensle som må til, er det ei anna gruppe omsetjarar som kjem på banen: ordkunstnarane og stilistane. Dei sørgjer for at marknadsføringsteksten din blir like slagkraftig på målspråket som han er i originalen, og veg kvart ord til dei finn det heilt rette.

Fri for interkulturelle misforståingar

Dyktige fagfolk og gode pennar er altså avgjerande for å oppnå knirkefri kommunikasjon, men det er eit tredje element som er minst like viktig: kulturkunnskap. Ei kvalitetsomsetjing er eit lokalt tilpassa produkt. Kunnskap om historie, samfunnsforhold, humor og mentalitet står dermed sentralt. Omsetjarane våre kjenner marknaden og kulturen i heimlandet sitt. Vi leverer derfor omsetjingar som er frie for interkulturelle misforståingar.

Vi har dei nødvendige ressursane, og vi bruker den rette omsetjaren til kvar jobb. Dei enkelte omsetjarane passar så på å halde seg fagleg oppdaterte og rådføre seg med ekspertar når det er nødvendig. Den viktigaste eksperten er ofte kunden sjølv, så ikkje nøl med å komme med instruksar, innspel eller tilbakemeldingar. Vi involverer deg meir enn gjerne i omsetjingsprosessen, og eit nært samarbeid mellom omsetjaren og kunden er nokre gonger faktisk ein føresetnad for å få eit optimalt resultat.