Språkverkstaden

Profesjonell omsetjing, språkvask og korrektur

Treng du profesjonell omsetjing, språkvask eller korrekturlesing? Av fagfolk som set kvaliteten i høgsetet heile vegen? Då er du kommen rett. Nynorsk, bokmål, dansk, svensk, engelsk, tysk, engelsk og tysk, korrektur, omsetjarar, språkkonsulentar, profesjonelle, språkkonsulenttenester, kvalitetsomsetjing, tekstar, oversettelse, oversetting, oversettere, translatører



Ein profesjonell tekst er feilfri


Alle tekstar har godt av ein språkleg kvalitetskontroll. Skrivefeil og språk som ikkje flyt, er sand i maskineriet for lesarane. Dårleg språk reiser barrierar og tek tankane bort frå innhaldet. Vi i Språkverkstaden kan gå gjennom teksten din og luke vekk feil og dårlege formuleringar. Vi gjer språket korrekt og forståeleg, slik at bodskapen kjem klart og tydeleg fram.

Er du stort sett nøgd med teksten din, men vil vere heilt sikker på at han ikkje inneheld skrive- eller teiknsetjingsfeil, kan du be om ei korrekturlesing. Vi rettar opp formelle feil og tek oss av finpussen, slik at alt stemmer – også detaljane.

Andre gonger er det ikkje nok med ein enkel korrektur; det trengst ein meir omfattande språkvask. I tillegg til å kontrollere rettskrivinga og teiknsetjinga ser vi nærmare på syntaksen, semantikken og stilen, og vi kjem med framlegg til korleis setningar og avsnitt kan skrivast om eller gjerast betre. Resultatet blir ein feilfri tekst med logisk oppbygging og god språkleg flyt. Ein tekst du kan vere stolt av.

Vi er konsulentar for fleire norske forlag og har kvalitetssikra språket i ei rad fag- og lærebøker. Vi har òg språkvaska og lese korrektur på ei lang rekkje andre teksttypar, frå doktorgradsoppgåver til rapportar og websider. Vi kan levere korrekturlesne og vaska manus med merknader og synlege rettingar dersom du ønskjer det, eller du kan få eit fiks ferdig dokument dersom du ikkje har tid eller lyst til å gå gjennom endringane.